200 røysteføre personar nytta seg av høve til å førehandsrøysta i Uskedalen onsdag og torsdag i Aktivitetshuset. I tillegg kjem alle som har røysta på Biblioteket eller på Rådhuset. Siste dagen for førehandsrøysting er i dag, fredag 10. september. Totalt har 4012 personar røysta så langt i Kvinnherad. 158 røyster er sende til andre kommunar. Bilete syner val i Uskedalen. Valfunksjonærane er Bente Høyland og Gunn Berit Fosse. Tordis Slåke gjer si borgarplikt og røysta ved Stortingsvalet 2021.

Valfunksjonærane Gunn Berit Fosse og Bente Høyland er godt nøgde med frammøte i Uskedalen. Opningstida på seks timar kvar dag kunne vore nedkorta noko, men no vart det slik med bakgrunn i politisk vedtak. I den politiske vurderinga var det snakk om å gjenopna Uskedalen som eigen valkrins, men ein kom fram til at det var ei god løysing med førehandsrøysting over to dagar, seks timar kvar dag.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal