I dag er det 13. januar og 20. dag jul. “20 dag Knut jagar jula ut” heiter det, og no skal vi vera ferdige med jula. Juleølet skal vera drukke opp, og smørambaren skal vera tom. Men kven var denne Knuten? Wikipedia fortel om St. Knut, Knud Lavrans- ein dansk adelsmann som vart slått i hel av broren med øks. (ca 1100). Han vart helgen. Har du ein primstav, kan du finna teikning av ei øks eller eit omvendt drikkehorn (ikkje meir øl) på denne dagen. Jula skulle ut, og folk, kanskje særleg ungar, gjekk laus med limar og kosta i alle krinkar og krokar – hos naboen og, og då gjerne utkledde.

På Facebook les vi at Møyfrid og Anders Kristoffersen held seg til skikken med å få juletreet ut av stova i dag. Litt artig er det å lesa at Møyfrid tek vare på sjølve treeet til sommaren og brukar det i toppen av jonsokbålet.

Dersom du som lesar har minne og tradisjonar knytta til 20. dag jul, send oss nokre ord.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Møyfrid Kristoffersen
Ingressen er henta frå FB Jorunn Toskedal