Årets 17. mai program er lagt ut på SPAR og på Byggeriet. Styringsgruppa og programkomiteen oppmodar alle om å sikra seg eit program. Pris: kr. 50,- Programmet er som eit lodd. Alle er med i trekkinga av fenelår. Inntekta går til kostnader med gjennomføring av 17. mai.

Komiteen har vore flinke med å henta inn sponsorar, heile 15 i talet. Det er sponsorar både frå Uskedalen og frå andre bygder i Kvinnherad, ja til og med frå Stord.

Programmet har eit litt anna format i år. Nasjonalsongane og Uskedalssongen er med. Innslaga på kvart stopp er teke ut. Konfransier vil informera om innhaldet etterkvart.

Det er før informert på uskedalen.no at det er gjort nokre endringar i gjennomføringa i år. Etter Gudsteneste kl. 11.15 og Minnemarkering ved Bautasteinen kl. 12.15 går ein tog til Aktivitetshuset og fotballbanen. Dagen vert avslutta med program på Stemneplassen. Her vert det tale for dagen, minnemarkering, musikk, song, tautrekking og kunngjering av vinnarane frå loddsal og leikane.

Røysterett for Alle/ Husnes Blandakor syng til opning i gudstenesta i Helgheim.

Styret for Friluftsplassen står for sal av is og brus.

I regnver held ein fram med å bruka Aktivitetshuset. Meir informasjon og evt. endringar vert lagt ut etterkvart på uskedalen.no.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto