17. mai programmet 2026.
Uskedalen.no har ved fleire høve skrive om 17. mai programmet. Styringsgruppa, programkomiteen og dei andre komiteane har alt under kontroll. Det er berre veret som kan føra til at ein må gjera nokre endringar. Her kjem programmet:

- Kl. 07.00: Salutt
- Kl. 08.00: Flaggheising
- Kl. 11.15: Gudsteneste v/ Kjersti Brakestad Boge – Helgheim. Samrøystes syng til opning.
- KL 12.15: Minnemarkering v/ Bautasteinen. 5. kl. elevar les diktet Ved Bautasteinen, skrive av Olaf Agnar Gausvik. Kransenedlegging. Uskedal Musikklag spelar.
- Kl. 12.25: Folketog frå Bautasteinen via Båthamna, opp i hovudvegen til fotballbanen ved skulen.
- Kl. 13.00 – 14.30: Leikar på skuleplassen. Sal av mat og drikke.
- Kl. 14.30 – 14.45: Vi samlar oss for å gå tog til Friluftsplassen
- Kl. 15.10: Tale for dagen v/ Amalie Røstbø. Blomenedlegging ved krigsminnesmerke. Uskedal skulemusikk og Uskedal Musikklag spelar. Taudraging. Friluftslaget sel is og brus. Opplesing av kven som har vunne premiar.
- Kl. 16.00: Ferdig
Ved stygt ver vert programmet på Friluftsplassen flytta ned til Aktivitetshuset.
Ein kan framleis kjøpa program på Spar og Byggeriet. Ta vare på programmet og du er med i trekninga av kjekke premiar
Tusen takk til alle som har sponsa oss.
Tekst: Styrignsgruppa/Programkomiteen Foto: Arkiv/privat Nett: Kristian Bringedal