Som alle veit er vi stadig i ein uavklara situasjon med omsyn til korona pandemien. I 2020 vart det gjennomført ei vellukka alternativ feiring i tråd med nasjonale retningslinjer, kor både elevar, musikklag og talarar fekk bidra, i tillegg til at bygda var pynta. Vaksinering pågår, men vi ser at det vil ta tid før vi kjem tilbake til normalen. Korleis situasjonen vil vera i mai er per no vanskeleg å seia, men vi forventar ikkje at Nasjonaldagen kan gjennomførast på same måte som før pandemien braut ut.

Leiarane i dei ulike komiteane har gjennomført det fyrste møte, og det er gjort vedtak om å fordela personar i dei ulike komiteane som vanleg. I tillegg til å følgja med på tilrådingar og retningslinjer frå styresmaktene, vil kvar komitè arbeida med mål om å få til ei fin feiring innanføre trygge rammer. Inspirasjon vil bli henta frå det gode arbeidet som vart gjort i 2020. Leiarar av dei ulike komiteane vil flytta personar frå ei gruppe til ei anna, dersom det er trong for det.

Her er ein oversikt over styringsgruppa og komiteane:

Styringskomité

  • Andreas Tarberg – leiar
  • Knut Olav Myklebust
  • Haldis Aakre

Programkomité:

  • Kristian Helgesen – Leiar
  • Bjarte Kristian Døssland
  • Kjetil Hauge
  • Ann Kristin Vangen Olsen

Matkomité:

  • Anita Simensen – leiar
  • Ann Irene Sæle
  • Anja Gisholt
  • Hildegunn Klette Hansen
  • Nina Myklebust
  • Trond Viggo Ingebrigtsen
  • Silvija Miezetiene
  • Mahmoud Hamouda Mohammad
  • Håvard Lunde
  • Albert Ove Nybakk
  • Jarle Eik Saghaug

Leikekomité:

  • Roar Musland – leiar
  • Dan Tore Hansen
  • Marianne Meyer Borgen
  • Tor Ove Haugland
  • Kjell Harald Tungesvik
  • Åshild Haukenes
  • Trond Johannes Myklebust
  • Lilly Ann Birkeland Aarra
  • Eva Reime Ljosnes
  • Ann-Kristin Hjelmeland Fausk
  • Heidi Elizabeth Henborg
  • Anette Lægland

Pynte- / ryddekomité:

  • Gørill Eik – Leiar
  • Andreas Kristoffersen
  • Runar Myklebust
  • Wilma Ubanos Snilstveit
  • Lisbeth Nilsen Stensletten
  • Linn Karin Liljedahl Njaastad
  • John Guddal
  • Bjørg Inga Miljeteig
  • Kjetil Yri
  • Trond Eik
  • Bjørn Bringedal
  • Rune Hjønnevåg
  • Ragnvald Myklebust
  • Åse Myklebust Neset
  • Johnny Friheim Miljeteig

Årets konfirmantar vert som vanleg med i matkomité på sjølve dagen. Leiarane i dei ulike komiteane vil kalla inn til planleggingsmøte.

Tekst: Styringsgruppa v/ Andreas Tarberg
Foto/ nett: Kristian Bringedal