
13 geiter skal ta knekken på den svarteleista planten Parkslirekne på elvekanten.
Eleveiegarlaget i samarbeid med Kvinnherad kommune og Statsforvaltaren i Vestland gjer på nytt forsøk med beitande geiter for å ta knekken på den svartelista planten Parkslirekne. 13 geiter beitar på elvekanten på nedsida av Dønhaughølen. Geitene går på gjerde og har høve til å gå inn i vogn når det trengst. Om lag same tiltaket vart prøvd i fjor, då på oppsida av brua. Forsøket var ikkje vellukka, truleg med bakgrunn i at dyra vart skremde. Det går nemleg ein tursti over Holmane på Dønhaug.

Parkslirekne, innført frå Japan som ein prydplante, er svartelista, Planten spreier seg så kraftig at vanlege metodar for bekjemping er vanskeleg. Her må det kraftige inngrep til. I Uskedalen finn vi mykje parkslirekne på turvegen langs Stølavikjo, nedom Uskedal skule, og på elvekanten.
Tekst/foto/nett: Kritian Bringedal