Ola Hermann Fossli har fått største fisken.

Uskedalselva blei opna for fiske 3. juli, men alt dagen etter kom det melding om at den er stengd for fiske på grunn av lita vassføring. For dei som fiskar med flytande fluge, er det framleis høve til å fiske nedstraums nedanfor Haugland Bru.
Det er teke 13 fiskar i elva til no. Den største fisken som er landa, var ein laks på 4,9 kg. Fiskaren var ikkje overraskande den ivrige 15 åringen Ola Hermann Fossli. Han har også fått ein laks på 2 kg. Begge blei fiska på Haugland. Av dei 13 fiskane er det 8 laksar og 5 sjøørretar. Fiskane er tatt på Myklebust, Haugland, Øvre Feet og Nedre Musland og rundt halvparten av dei er tatt på mark.
Det er kjende namn på lista over fiskarar, både nokre ivrige kvinnheringar og tilreisande som kjem igjen år etter år. Nr. 2 og 3 på lista er gjengangaren Khwan Chaihong og bømlingen Arnt Erik Skjøskift som begge har fiska i elva i mange år. Dei fekk laksar på høvesvis 4 og 3,9 kg.
Full oversikt finn de ved å klikka her.

tid