Uskedal Musikklag inviterte til Song og musikkglede på Fastelavenssundag i Helgheim. La oss sei som Knut E. Skåla sa ved utgangen: Ei triveleg, uhøgtidleg og folkeleg stund saman med bygdefolket. Det meste var på plass: Fastelavensbollar, musikk, allsong, quiz og åresal. To sentrale medlemer i musikklaget, Knut Steinsletten og Thor Inge Døssland, stod for bollebaksten. Åse Neset og Jofrid Eik hjelpte til med kaffikoking og servering. Den eldste i laget, Bjørgulv Eik, var sjef for åresalet og gevinstane.

Bjørgulv Eik hadde gode hjelparar med seg på trekkinga av gevinstane.

Songane var henta frå songhefte Song og musikkglede, tilsaman 11 songar, alt frå Alf Prøysen, Arne Paasche Aasen til Johannes Kleppevik. Vigelandsvalsen er alltid populær. Ny var Lilla vakra Anna, skriven av Bengt H. Alstermark.

Nylaga årar på eit notestativ.

Veteranbandet framførte to nummer instrumentalt, ein med song på tysk.

Musikklaget har eit travelt vårprogram med mellom anna oppdrag på Rosendalstunet, Husnestumet, konsert i Helgheim 6. april før mai månad med speling både på 8. mai og på 17. mai.

Musikklaget inviterte til Song- og musikkglede i Helgheim.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal