Festidalen gler seg til nok ein framifrå festival i Uskedalen til sommaren. Her kjem litt statusrapport frå oss no når det snart er berre 100 dagar til årets store festivalhending. Me jobbar for fullt for å laga gode opplevingar i bygda 28.-29. juni og ser stadig etter å bli betre. Forhåpentleg kan me koma med litt nyhende om dette snart.
Musikalsk blir det eit særs spennande år, med Timbuktu, Kurt Nilsen, Highasakite, Oslo Ess, Arif, Nico & Vinz, Michelle Ullestad, Embla and the Karidotters med fleire.  

Me sel billettar som aldri før. Det er tydeleg at dei to siste suksessrike åra har fått folk til å skjøna at Festidalen og Uskedalen er staden å vera på. Alt no har me seld 50 % av festivalpassa, noko som er ny rekord når det gjeld forhåndssalg. Tips til alle uskedøler som vil på Festidalen, er at prisane stig 1. april så det er framleis  mogleg å spara litt pengar på å kjøpa billett.

Frivillige har byrja melda seg. Alt no har 50 frivillige meldt seg. Dugnadsånda er sterk i Uskedalen og omegn, eg må sei eg blir heilt stolt av å vera med å arrangera når så mange vil vera med på dugnaden. Framleis treng me sjølvsagt fleire. Festidalen er eit stort prosjekt. Så har du lyst å bidra med noko, stort eller smått, håpar me du vil melda deg på https://app.crescat.io/public-forms/1def4a1f-9309-4cfc-8e9c-bc7de2a4229b

Tekst: Festidalen
Nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto