Den 4. juli i 1926 råka ei svært tragisk ulykke Uskedalen då to unge gutar, Hans og Reidar Kjærland, drukna under bading i elveosen. Hans Reidar Kjærland fekk aldri møta dei to onklane. Han vart fødd vel 30 år seinare. Men brorsonen har bore minnet etter dei, m.a. ved namnet sitt gjennom heile livet. I dag, 100 år etter tragedien, har han delt hendinga med vennene sine på facebook. Etter avtale med Hans Reidar bringar Uskedalsida hendinga og minnet vidare til lesarane.

I dag er det 100 år sidan brørne Hans og Reidar Kjærland drukna i elveosen i Uskedalselva. Det var søndag 4 juli.
Brørne, Hans som var 14 år og Reidar 11 år, var gått ned til besteforeldra på Feet, for å vitja dei og samtidig bada i elveosen. Besteforeldra hadde gått for å kvila middag om ettermiddagen, og gutane gjekk ned til naustet til besteforeldra, for å bada.
Då det gjekk til kveld, blei foreldra på Kjerland urolege for gutane som ikkje var komne heimatt. Faren Ludvig drog nedover til Feet får å sjå etter gutane. Der fant han kleda deira ved naustet. Han ante at noko alvorleg hadde hendt og fekk sett i gong søk etter dei. Gutane blei funne etter kort tid, på grunt vatn, og alt same kveld. Dei hang i saman, så truleg hadde ein av dei fått problem og den andre hadde prøvd å hjelpa, men ikkje klart det. Ingen av dei var symjedyktige står det å lesa om hendinga, som oppskaka ei heil bygd. Hendinga vart omtalt i både Bergens Tidende, Haugesunds Dagblad og bladet Sunnhordland. Ei fullsett Uskedal kyrkje tok avskjed med brørne Hans og Reidar laurdag 10. juli 1926.
Hans som var eldst, skulle stå konfirmant 26. september same året. På konfirmasjonsbiletet som vart teke 13. juni 1926 i samband med konfirmanthøyringa, står Hans oppe til venstre på biletet. Men slik gjekk det ikkje. Berre 3 veker etter at biletet vart teke, så drukna både han og broren.

Konfirmantkullet Hans Kjærland skulle vore ein del av. Hans oppe til venstre.
Grava til dei to brørne er no verna. Gravstøtta står ved kyrkjeveggen.

Og begge ligg i felles grav på kyrkjegarden i Uskedalen. Heime satt mor Engel att, fødd Feet, og far Ludvig med dei 4 yngste borna, Marie 9 år, Johannes 6 år, far min Leif 4 år og Anna 2 år. Alt i 1930 døydde Engel, berre 48 år gammal. Far min sa at ho aldri kom over tapet av Hans og Reidar.
80 år tidlegare vart også same garden og slekta råka av ei stor ulukke. I januar 1845 omkom Kari Kjerland og dei 3 borna hennar i det store skredet som gjekk på Kjerland.
Livet og naturen på Vestlandet kan vera både gåvmild og nådelaus.

Tekst og foto: Hans Reidar Kjærland
Ingress og nett: Thor Inge Døssland