Vi i 1.klasse på Uskedalen skule har vore så heldige at vi har vore på ikkje mindre enn tre gardsbesøk. Vi har elevar i klassen som bur på gard, så då er det fint at vi får oppleva dyr og elles livet på garden.

Fyrste  turen gjekk til Myklebust, til Lisbeth og Roy, til Ann Kristin og Runar. Det såg vi mange slags dyr og ikkje minst fekk vi servert is, boller og jus. Nokre dagar etter gjekk turen til Haugland, til Tor Ove og familien
Her kosa vi med geitekillingar, fekk prøva gravemaskin, leik og moro og
ikkje minst eit fjell av vafler.

På Haugland fekk elevane prøva liten gravemaskin.

Elevar og vaksne i klassen vil takka så mykje for at vi fekk koma og at vi vart så godt mottekne. Det var kjekke skuledagar!

Møte med geiter og killingar er alltid like kjekt.

Tekst/foto: Hilde Bringedal
Nett: Kristian Bringedal