Sunnhordland lufthavn AS hadde har hatt møte med Samferdsledepartementet om Osloruta. I møtet fekk lufthamnselskapet bekrefta at Departementet i løpet av dei neste 2 vekene vil senda flyruta Stord-Oslo ut på anbod. Flyselskapa vil så få 2 veker på seg til å rekna på anbodet. Oppstart for ruteflyginga vert tidleg i april månad.

Samferdsledepartementet vil i anbodet truleg ha 12 rotasjonar pr. veke på ruta. Det vert ein føremiddagsrotasjon og ein ettermiddagsrotasjon mandag til fredag. Det vert vidare to rotasjonar søndag ettermiddag/kveld.

Når det gjeld flystorleik ser ein truleg føre seg fly av typen Dash-8 eller tilsvarande. I praksis betyr dette fly med 39 eller fleire passasjersete. Lufthamnadministrasjonen og dei tilsette på Stord lufthamn, Sørstokken. ventar no i spenning på kva flyselskap som vinn anbodet.

Flyplassjef Jan Morten Myklebust

Jan Morten Myklebust fortel til uskedalen.no i kveld, sundag 7. mars, at svarfristen frå flyselskapa, om ein vil vera med i anbodet, er alt tysdag 9. mars.

Tekst: Pressemelding
Foto: Arkivfoto
Nett: Kristian Bringedal