Etter nytt og tydeleg råd frå biskopen i Bjørgvin har no alle sokneråd i Kvinnherad vedteke å utsetja dei konfirmasjonane som er planlagt våren 2021 til hausten same år. Til grunn for biskopen sitt tydelege råd ligg smittesituasjonen med aktuelle døme på muterte virusutbrot og at mange reiser over lange avstandar i samband med konfirmasjon. Nye datoar er i Kvinnherad sett i tidsrommet 29. august til 26. september og er sendt ut til konfirmantar og føresette. Ein kan finna datoane på: www.kvinnherad.kyrkja.no .

Det er Husnes kyrkjekontor på vegne av sokneråda i Kvinnherad som skriv dette i ei pressemelding i dag. Soknerådet i Uskedalen var mellom dei siste sokneråda som hadde saka oppe på møte i går kveld.

Etter ei grundig drøfting var det eit fleirtal i rådet som gjekk for utsetjing. Dersom ein med visse kunne sei at talet på frammøtte i kyrkja vart endra frå 10 til 50, ja, så ville Uskedalen truleg tilrådd konfirmasjon på våren. Sidan Covid 19 situasjonen er usikker, vart det til at ein støtta tilrådinga frå biskopen og prestane i Kvinnherad.

Dermed vert det konfirmasjon i Uskedalen sundag 29. august.

Tekst: Pressemelding/ Kristian Bringedal
 Foto/nett: Kristian Bringedal