Viktig melding frå SKL om utrygt vatn.
Til alle som ferdast i Tverrelva Kraftverk AS sitt nedslagsfelt i området rundt Mannsvatnet.
På regulerte vatn vil det alltid vera fare for område med ope vatn og utrygg is. Det gjeld særleg ved inn- og utløpsosar men det kan òg førekomme andre plassar på vatnet. Me vil òg minna om at det i reguleringssona kan liggja att isflak som det kan vera farleg å koma imellom og under.
Det er montert fleire og nye skilt for informasjon om at Mannsvatnet er regulert.
Tekst: Pressemelding Foto: Steinar Haugland Nett: Kristian Bringedal