Torsdagskomle med Uskedalspølsa frå Friheim.
Kva med komlemiddag frå Seimsfoss, laga med uskedalspølse frå Friheim gardsmat og pinnakjøt frå Lundal. I morgon, torsdag, har du sjansen til å kjøpa deg velsmakande komla med lokalt råstoff.
Hanne Bakke Berntsen frå Uskedalen og Mauranger driv Middagsknotten.. Middagsknotten er kantine og kafe i Fonnafjord Næringspark. Kvar torsdag er det tilbod om komlemiddag frå kl. 13.00 til kl. 18.00. Du kan få servering på plassen eller ta med heim.
Middagsknotten er open for alle, for tilsette i Næringsparken, turistar, forbireisande og for andre gjester. Hanne har lang erfaring som kokk med matservering, mellom anna frå Ola-løo, kantinen på Rådhuset, restaurant og no med eiga verksemd på Seimsfoss.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Privat