Linje må flyttast for å unngå skade på nye Julagrano.
På Julagrano vår har det til tider vore teikn som har kunna tyda på at den ikkje vil vara evig. Så har den friskna til att. Akkurat no ser den ut til å leva i beste velgåande. For å sikra seg at Uskedalen ikkje skal bli ståande utan dette vakre landemerket, blei det planta ein, eller rettare sagt to nye arvtakarar, for nokre år sidan for å sikra framtida .
Dei to nyplanta granene trivdest godt og voks seg større. Derfor måtte musikklaget gjere eit valg. Begge såg lovande ut, men dei kunne ikkje stå så tett. Derfor møttest gjengen etter ei øvingsøkt. Eldstemann Bjørgulv Eik fyrte opp motorsaga, og dermed måtte den eine falla. Den som stod einsleg att, har halde fram med å vekse seg flott.
No er det ei ny utfordring. Den har vakse seg så stor at den er komen opp i ein kabel som er strekt over den. Dersom kabelen øydelegg toppen, vil grana verte øydelagt då den vil få skeivt toppskot og vekse seg skeiv. Heldigvis ser det ut til at dette skal ordna seg. Nestor Bjørgulv Eik har teke ansvar. Han har teke kontakt med Kvinnherad Breiband, og dei har velvillig lova at kabelen skal flyttast.
Flyttinga kjem nok til å skje ganske så kjapt, for det hastar. Når det bles hektar no toppen i kabelen, og dermed er det fare for at den kan bli øydelagt. Etter spelinga 17.mai måtte dei to julagran-veteranane, Lars Myklebust og Knut Steinsletten, i aksjon for å frigjera toppen frå kabelen. Vi ser dei to i arbeid på bildet over.
No håpar vi Kvinnherad Breiband vinn over vinden, og er først i aksjon.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland