Stemneplassen er klar for 17. mai og sommaraktivitetane.
Sterk vind og regn var ikkje noko hindring. 12 personar møtte fram til den årlege dugnaden på Stemneplassen. Seks av ti medlemslag var med dette representert og innan 2 – 3 timar var det meste gjort og Friluftsplassen er klar for bruk, både på Nasjonaldagen og seinare i sommar med friluftskonsert og vedlotteri.
Med god organisering og planlegging vart arbeidsoppgåvene gjennomført:
- Samla lauv, greiner, rusk og rask
- Reinska grøft og kum
- Vaska og høgtrykkspylte alt treverk ved inngangspartiet
- Skar buskar og rydning med ryddesag
- Staka opp drensrøyr som var tett
Alt i morgon i finveret er det fram med plenklypparen. Då er endeleg Stemneplassen klar for Nasjonaldagen 2021.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal