Den store dugnads- og klargjeringsveka før 17. mai 2021.
I tida fram til Nasjonaldagen er det mykje som skal på plass og organiserast. Det er dugnader og klargjering av ulike slag. Fyrst ut er Uskedal Friluftslag med sin årlege ryddedugnad måndag 10. mai frå kl. 17.00.
Styret i Uskedal Friluftslag oppmodar medlemslaga om å møta fram med sine utsendingar til dugnaden. Plassen er i fin stand for tida, men det vil alltid vera noko å ta tak i. Det er generell rydding av lauv og greiner, plantestell, reinska kum og renner, vask og spyling. Ta med rive.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal