Innlegg på uskedalen.no i veka fram mot 17. mai.
Uskedalen.no vil i veka og dagane fram mot Nasjonaldagen 2021 ha fleire innlegg om programmet og markeringa. Redaksjonen oppmodar styringsgruppa, programkomiteen og andre undergrupper senda oss stoff, helst i manusform og evt. med bilete. Det kan vera korte meldingar ( notisar ) eller gode tips om kva vi bør få fram på sida. Send til uskedalen.no@gmail.com
Det er viktig alt no å presisera at sal av 17. mai programmet er den einaste inntekstkjelda. Kjøp programmet på SPAR eller på Gros Blomster.
Red.