Påmeldingsfristen til sommarskulen er 18. mai.
Sommarskulen er eit kommunalt tilbod til born og unge i 4. til 10. klassesteget. Tida er dei tre fyrste vekene i skuleferien, veke 25, 26 og 27. Det er ulike tilrettelagde kurstilbod med kursleiarar på kvar gruppe. Ei statleg løyving på kr. 1,5 millionar kroner gjer dette mogeleg å få til. Det er eit ope tilbod til alle i den aktuelle aldersgruppa, uansett funksjonsnivå. Her er nokre av kurstilboda:
- Musikalsk improvisasjon
- Idrett- og sportsaktivitetar
- Opplevingstur til Åkra med overnatting
- Tokt med seglkuttaren SELADON
- Koding og symjing
- Livet i fjorden og i fjæra
- Kunst og teikning
- Riding og friluftsliv
- Folgefonnsenteret
Meir informasjon og påmelding: Sjå Kvinnherad kommune si heimeside. Kvar kursdeltakar kan melda seg på inntil to kurs og vert tildelt ei veke på sommarskulen. Prosjektleiar er Anne Marthe Zimmer.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Pressefoto