Fem kuldegrader stoppar ikkje den trufaste og stabile pyntegjengen som set lys på den flottaste julegrana i heile regionen. I kaldt, men fint vinterver var trioen mandag på plass og gjorde grana klar til tenning fredag presis kl.17. Då blir den tent for 64. gong.
Eg førestilte meg at det måtte vera forferdeleg kaldt å vera om lag to timar i toppen på grana slike dagar.
– Det var kaldt, ja, men eg har vore borti det verre. Det var stilt, oppsummerte Knut Steinsletten, medan Ståle Eik supplerte at det var verst når det var vått, litt vind og glatt.
Ein ting er sikkert, dei to gjer ein formidalbel jobb saman med bakkemannskap Lars Myklebust. Rutinerte er dei. Jammen har dei gjort denne kjempejobben gjennom svært mange år.

Lys i pæra

Det er Uskedal Musikklag som har hatt ansvar for pyntinga kvart år sidan 1963. Dei har også alltid sytt for julemusikk til tenninga. Dei seinare åra har tenninga alltid skjedd fredag før 1. søndag i advent, og siste åra er det Uskedal Utvikling som har hatt hovudansvaret for arrangementet, men musikklaget og andre lag som kyrkja (søndagsskulen), ungdomslaget, russen har også bidrege i arrangementet.

Alle pærene lyser

Med meldingar om strålande vinterver ligg alt til rette for ei flott og stemningsfull førjulsstund fredag kveld. Einaste er at kuldegradene kan skapa utfordringar for musikklaget. Messingtonar er ikkje fint når ventilane frys. Sidan Helgheim er utleigt til anna arrangement, må ein vera kreative for å finna ei løysing innandørs. Likevel er vi sikre på at arrangørane finn ei løysing.

NB: Hovudarrangermentet startar kl.16 med graut, kaffi og kaker i Gamleskulen. Peparkakebygda er også open frå kl.16.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland