Mykje folk på haustkafè
Søndag hadde 7.klasse ved Uskedalen skule laga til haustkafè i Helgheim. Dei kjekke ungdomane samla inn pengar til klassetur. Og med så mykje folk som møtte opp vert det rapportert om godt sal.
Elevane i 7.klasse hadde gjort eit godt forarbeid med baking av bollar, kaker, vafler og lappar med meir. Dei hadde også fått hjelp frå foreldre som har stått på og bakt. Så då kafèen opna kl.12, bugna det av godsaker i utsalet hos dei hjelpsame jentene.

Gutane i klassen arbeida flittig i kulissane der dei rydda, vaska og fylte på kaffikanner. Der var også nokre foreldre på kjøkkenet som sørgde for at det lukta godt av nytrakta kaffi når ein kom inn i lokalet.
Drøsen gjekk fint rundt dei mange borda som var fulle av nøgde bygdafolk. Og 7.klasse er svært takksame for alle som kom. Dei fortel at dei desse tre timane fekk inn heile 6088 kroner. Dei er godt nøgd og seier at det kanskje vert ein ny runde med kafè på nyåret.

Tekst/nett/foto: Marianne Korsvold