Framleis ledige plassar.

Dyktige Bjørn Moe, som bur i Nedre Halsabråtet, skal som kjent ha konsert på Rosendal Fjordhotel fredag 16. oktober kl.20 saman med eit supert band. Dette er ein del av ein turnè som vert avslutta i Bergen laurdag. Konsertane som er gjennomført i turnèen, har fått strålande tilbakemeldingar.
Vår sambygding hoteldirektør Mari Anne Feet har sytt for ein godt tilpassa meny for dei som ønskjer mat så det ligg til rette for ein aldeles super kveld med god mat, musikk og stemning på fjordhotelet.
Billettar kan sikrast HER. Restbillettar blir selt i døra.

Tekst og nett: Thor inge Døssland
Pressefoto