Reidar Sandal frå Røldal, bur på Nesflaten, var gjest på ope møte i Uskedal historielag måndag i denne veka. Ikkje ein stol var leding og det var frammøte frå mange bygder i Kvinnherad. Reidar Sandal var med på støling i Valldalen i oppveksten sin og fram til et var slutt i 1990. Etter neddemminga tidleg på 1960 talet vart mange stølshus flytta opp i lia. Familien Sandal drifta tilsaman tre stølar. Alle var med, – bestemora, foreldra og alle syskenea til Reidar.

Thor Inge Døssland frå Uskedal Historielag takkar Reidar Sandal for eit flott føredrag. Bilete i bakgrunnen syner mor deira i arbeidet med å laga ost.

I Valldalen var det til saman 17 stølar. Dei fleste hadde leigegeiter, 100 i talet, i tillegg til kyr. Dei hadde også to griser og nokre høner med på stølen. Geitosten frå Valldalen var landskjend med prima kvalitet. Det vart også laga gamalost. Dei slo graset, turka det og henta det heim på vinteren. Reidar er ein god formidlar. Med god målbruk og morosame soger fekk tilhøyrarane vera med på i høgtidsstund i Gamleskulen.

Med leigegeiter vart det også geiter frå Kvinnhrad. Bjørgulv Eik fortalde då som gut var med far sin med geiter frå Eik, opp Uskedalen, overnatting på Musland, over Skaret neste dag til Matre der dyreflokken på skøyter vart frakta til Fjæra og vidare på lastebil til Valldalen. Bjørgulv minnest også at han vera med på tur frå Uskedalen, via Odda, til Røldal for å sjå om geitene. Frå Odda gjekk turen med buss til Breifonn og vidare med sykkel.

Stor interesse og frammøte frå mange bygder.

Kristin Skromme orienterte om arbeidet med å laga ein dokumnetar om stølslivet i Valldalen. Filmen er venta å vera ferdig før jul.

Valldalen er ein av fleire innfalsportar til Hardangervidda, mellom anna på turen fram til Litlos og Hellevassbu. Det var alltid mange turistar og turgåarar i område Valldalssetra vart mykje brukt.

Uskedal Historielag var tilskipar. Thor Inge Døssland var møteleiar. Det vart orientert om lagsarbeidet, særleg om neste årbok som er i trykken og er klar for lansering laurdag 7. november på Bokslepp i Helgheim.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal