Demensaktivitet

21. oktober inviterer vi til nye ettermiddagar med demensaktivitetar i Gamleskulen kl 1730. Har du lyst å bli med? Vi treng påmelding til desse kveldane for at vi skal kunne ha grupper som ikkje er for store, men akkurat passe. For påmelding og meir informasjon tek du kontakt med Elin på mobil 40468000.

Strikk med oss

Torsdagar i oddetalsveker er det strikkekafe i Gamleskulen frå kl 11 – 14. Det er eit fint høve til både strikk og snakk og ein kopp kaffi eller te. Helselaget har fått støtte frå Nasjonalforeningen for folkehelsen sentralt som vi skal bruke på garn til ulike strikkeprosjekt. Vi planlegg å lage strikkevottar til alle nyfødde i Uskedalen, strikkesokkar til alle 1. klassingar og ulike strikkeprodukt til avdelingen for fortidlegfødde ved Haugesund sjukehus. Har du lyst å bli med? 22.10. er neste strikkekafe og då blir det meir informasjon om prosjektet.

Trim og tur

Kvar mandag er det trim i Gamleskulen frå kl 11 – 12, og kvar tysdag er det turgruppe frå kl 11 med oppmøte utanfor Gamleskulen. Kjekt om du blir med. Dette er godt for helsa!