Noko å glede seg til når Reidar J. Sandal kjem.

Mandag 12. oktober kl. 18 kjem røldølen Reidar Johan Sandal til Gamleskulen med føredraget “Minner om eit stølsliv”. Føredraget har fått overstrøymande tilbakemeldingar andre stader, så dette er noko å glede seg til. Dessutan vert det heilt enkel servering og høve til god drøs. For medlemmer i Uskedal Historielag er det gratis, medan det er 100 kr i inngangspengar for andre.

«I går vart det halde eit forrykande bra foredrag……» skreiv Stord Sogelag på facebook dagen etter at røldølen Reidar Johan Sandal hadde vore gjest og  fortalt om stølslivet i Valldalen i Røldal før neddemninga på 1960-talet. Der fekk tilhøyrarane høyra om livet til folk og dyr på stølen, framstilt både levande og humoristisk med gode historier. «De har verkeleg noko å glede dåke til», sa eit av medlemmene i Uskedal Historielag då ho fekk høyra at han skulle komma til Gamleskulen i Uskedalen måndag 12. oktober. Ho hadde høyrt foredraget på Åkrafjordtunet, men ville fylla opp bilen og komma til Uskedalen for å oppleva det på nytt.
Mange kvinnheringar sende geitene sine på sommarstølar i dette området i tidlegare tider.

Reidar Johan Sandal tok utdanning ved Høgskulen på Rommetveit før han jobba 20 år som lærar, dei siste 5 som rektor. Deretter tok han vidareutdanning i naturforvaltning på Evenstad i Østerdalen. Etter det jobba han to år med fiskekultivering i Suldalsvatnet før han starta i Statens Naturoppsyn. Etter 20 år der pensjonerte han seg for kort tid sidan.
Reidar Johan Sandal har hatt ei altoppslukande interesse for natur og kultur frå han var ein neve stor. Han har vore eit aktivum i kulturlivet i bygdene rundt Nesflaten, der han bur og har budd. Både songkor, revyoppsetjingar og meir har hatt mykje glede av denne formidlaren som altså kjem til Uskedalen 12. oktober. Verkeleg noko å glede seg til.

Den dugande karen er dessutan vetlebroren til Britt Jorunn Arnesen.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Privat og frå Stord Sogelag si facebookside.