Har du vanskar med hørsel? Eller kjenner du nokon som har det? Hørselsforbundet sin lokale likeperson i avd Folgefonn kjem til Uskedal helselag for å halde foredrag for oss. Vår likeperson er Arne Torget, og i saman med kona Line Valstad har dei halde foredrag rundt i Noreg.

Tema er korleis det er å ha vanskar med hørsel, samt det å ha ein nærperson med hørselsvanskar.

Uskedal helselag inviterer til medlemsmøte ope for alle tysdag 6. oktober kl 1900 i Gamleskulen. Vi ser fram til ein interessant kveld med eit aktuelt tema. Det vert og lett servering.

Foto: Arne Torget
Tekst og nett: Elin Legland