Bruktmarknad i Uskedalen
Fredag 2. og laurdag 3.oktober vert det arrangert bruktmarknad i Gamleskulen. Her vert det sal av kle til både barn og vaksne. Du kan også kjøpa deg leiker, sportsutstyr og interiør.
Fredag 2.oktober kl.16 åpner dørene og salet startar. Det vert åpent fram til k.18 på fredag. På laurdag 3.oktober vert det åpent frå kl.11-14.
Det er ein god gjeng som har bestilt seg stand, men det er framleis plass til fleire. Så om du har leiker, klede, interiør eller noko anna liggande som ikkje er i bruk og vil ha ein stand, kan du ta kontakt med Jannike Myklebust på telefon 41654581. Det koster 100,- per stand.
Det vert også sal av kaffi og noke å bita i. Så om du ikkje treng brukte skattar, kan du uansett komme innom for ein kaffidrøs.
Tekst/nett: Marianne Korsvold Foto: Jannike Myklebust