Prinfo Media v/ Sigurd Vikøren har jobba i ca. eit år no, med å snakka med folk, diskutert korleis ein kan skriva ei bok om vekst og utvikling i Kvinnherad frå krigen og fram til i dag. 80 år i vekst og utvikling. Vikøren jaktar på minne til vanlege folk, og historiar frå dei ulike bygdene. Lokale personar skal vera dei som bestemmer kva dei ynskjer å prioritera frå eiga bygd.

Sigurd Vikøren, her med boka han skreiv på oppdrag for Statkraft.

Boka er meint å vera ein hyllest til dei kvinner og menn som bygde det Kvinnherad vi har i dag. Frå besto skylte sengkledno i bekken på tunet til velstandssamfunnet vi har i dag.

Dette vil vera ei bok frå heile Kvinnherad, til generasjonar som kjem, korleis den kommunen vi alle er glad i, vaks fram. Korleis boka er tenkt bygd opp har vi tankar rundt, men ynskjer å høyra kva folk meinar.

Sigurd Vikøren kjem til Uskedalen komande måndag, kl. 18.00 på Stemneplassen. Her vil vi få vita meir om bokprosjektet, om innhald, profil og tidsplanen for utgjeving.

Tekst: Pressemelding
Foto: Arkivfoto
Naett: Kristian Bringedal