Kulturminnevandringa går etter oppsett porgram.
Litt regn gjer ikkje noko for å gjennomføra kulturminnevandring i morgon, sundag 20. september, frå kl. 13.00. Møt fram ved Vetlebru som ligg i grensa mellom Kjærland og Haugland. Parkering på tilvist plass eller langs kommunevegen. Programmet ser slik ut:
- Frå kl. 13.00: Vi ser på tufter etter kvernene i Tverrelva
- Vidare går turen til Haugland der ein har fokus på gravhaugane frå eldre og yngre jarnalder
- Om lag kl. 15.00: Sal av kaffi og vafler i Vonheim. Kontant eller betaling med VIPPS
- Om lag kl. 15.30: Samling i skulemuseet med desse markeringane: Sindre Aksnes syner fram og spelar på den nyresaturerte fela til lærar Andreas A. Haugland. Avduking av måleriet Birkebeinerne, kopi måla av Gaute Haugland. Skuleminne.
Alle er velkomne
Tekst: Uskedal Historielag Nett: Kristian Bringedal