USKEDAL BRANNSTASJON
Kva skjer med Uskedal Brannstasjon?
Kvinnherad kommune har jobba med handlingsplan for organisering, bemanning og utrustning av Kvinnherad Brann og redning i lengre tid. I kommunestyremøte 24.09.2026, kjem saka opp igjen.
I innstillinga frå kommunedirektøren står det:
- Kommunestyret tek handlingsplan for oppfølging av vedtak 19.02.2026 til orientering og sluttar seg til dei prioriteringar og tiltak som går fram av planen.
- Kommunestyret vedtek at invisteringer og årlege driftskostnadar knytt til utbygging og ombygging av brannstasjonar vert innarbeidd i budsjett for 2027 og økonomiplan for 2027-2030.
- Kommunestyret legg til grunn føreslått langsiktig plan for utskifting av kjøretøy i perioden 2027-2037, og det av årleg løyving på kr.3,5 mill. i økonomiplanen.
I saka står det å lesa at vedtaket frå 19.02.2026 inneber videreføring av alle eksisterande brannstasjonar, med konkrete tiltak for oppgradering, ombygging og styrking av beredskapen.
Uskedalen stasjon skal byggjast om til ein stasjon med rein og skitten sone. Stasjonane på Åkra, Fjellberg og Varaldsøy skal etablerast som rein-sone-stasjonar. Samla investering for desse tiltaka er sett til 17,3mill.kr. inkl.mva. i 2027
Interessegruppa for Uskedal Brannstasjon synest saka har tatt svært lang tid. Instillinga til Kommunedirektøren er positiv men vi saknar meir innhold i saksutgreiinga. Vi saknar oversikt over invisteringar på dei enkelte stasjonane. Vi ser kun ein sum på 17,3 mill. som gjeld alle stasjonane. Det må jo vera eit reknestykke som ligg bak den summen. Det burde og vore ei skisse over korleis ein ser for seg ombygging av stasjonen i Uskedalen, og vist til løysingar for dei andre stasjonane.
Om dette ikkje blir ettersendt sakspapira, må det i så fall komma fram på kommunestyremøte 24.09.2026
Nett/Tekst: Gunn M Moberg Bilde:arkiv