Godt dansetilbod kvar torsdag.

Torsdag 17. september startar Dans’n opp i Uskedalen, i Helgheim, frå kl 18:30-20:30! Dans’n vart skipa for eit par år sidan, og har tidlegare hatt øvingskveldane sine i Kvinnherad Arena. Det er absolutt ein plass for alle som likar å dansa. Og dansestilar har det vore mange av: Swing, salsa, cha cha cha, gammaldans, tango og enda litt fleire. Vi er ikkje profesjonelle, men møtest ein gong i veka for å dansa og læra av kvarandre. Vi ønsker å få til ein delingskultur der dei som vil og har noko å bidra med er velkomne til å læra vidare til oss andre.

Vi leiger óg inn eksterne instruktørar som har helgekurs for alle som har lyst, også øver vi vidare på det vi har lært etterpå. Innimellom gjer vi litt ekstra ut av kveldane med dekte bord for å få ei litt ekstra koseleg stemning.

Alle er hjarteleg velkomne.

Tekst og foto: Dans`n v/Siw Regine
Nett: Thor Inge Døssland