Historielaget inviterer til Kulturminnevandring, komande sundag kl. 13 - 16.
Som ein del av den nasjonale Kulturminnedagen inviterer Uskedal Historielag til Kulturminnevandring komande sundag med frammøte kl. 13.00 på Kjærland v/ Vetlebru. Tema er kvernene i Tverrelva og fornminne ( gravhaugane ) på Haugland. Dagen vert avslutta med samling i Vonheim ( kaffi og vafler ) og i skulemuseet med fokus på den restaurerte fela til lærar Haugland og ny kopi av Knud Bergslien sitt måleri Birkebeinerne.

Historielaget vonar på godt frammøte. Målet med vandringa er å bli betre kjend med kulturminne i nærområde. i Tverrelva er det enno tufter og synlege spor etter dei mange kvernene som var i drift for alle eller deler av bruka på Haugland, Kjærland, Myklebust og Dønhaug.
Gravhaugane på Haugland er frå eldre og yngre jarnalder.
Sindre Aksnes og Gaute Haugland vert med i skulemuseet.
Alle er velkomne. Parkering ved Vetlebru.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal