Å ha idrettsmerketaking på kalendaren kvar haust er eit særs godt tiltak for å halda forma ved like. I år blir det høve til å ta merket på Heio tysdag 22. september kl. 17.30 og mandag 28. september kl.17.30.
Dette melder mangeårig idrettsmerkesjef i Uskedal Idrettslag, Kjersti Bråtun. Om nokon har spørsmål om det gode tiltaket, kan dei ta kontakt med henne.
Ho håpar mange stiller, nye og tidlegare merketakarar, då dette er eit særs godt bidrag til å halda forma ved like.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland