Det blei teke 144 fiskar i Uskedalselva i år.
Då Uskedalselva stengte for fiske ved inngangen til september, var det registrert 144 fiskar på til saman 331 kilo. Det gjev ei gjennomsnittsvekt på 2,3 kg. På grunn av lita vassføring hadde då elva vore stengt i store deler av fiskeperioden frå 1. juli. Dei fleste fiskane er tekne på mark (44,4%) medan ein stor del er også tekne på fluge (25 %). Årets største fisk på 7,8 kg fekk Leif Jordal medan Joakim Hestnes fekk den neststørste på 7,5 kg. 13 fiskar var over 5 kg.
Tala dette året skil seg ikkje så mykje ut frå fjoråret. Då blei det fiska til saman153 fiskar med samla vekt 320,8 kg. Det gav eit gjennomsnitt på 2,1 kg.
Samanlikna med fangsten i 2020 og 2022 er fangsten tilnærma halvert. Då blei det fiska høvesvis 277 fiskar på til saman 603,4 kg og 238 fiskar 750,9 kg.
Registreringa viser at dei fleste fiskarane er tilreisande enten frå andre bygder i Kvinnherad eller frå andre stader i regionen.
Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland