Torsdag ettermiddag vart Skårhag opp arrangert i strålande sol. Det var mange som møtte opp for å delta. Nokre gjekk løypa, medan andre sprang det dei makta for å få ei god tid. Felles for alle var at det var god stemning og smil både undervegs og særleg etter målgang.

Det fine været satte gode rammer for mosjonsløpet. Det var særs godt oppmøte i den yngste klassen. Heile 30 barn fra 0-10 år sprang opp bakken til Skårhaug som ligg 49 meter over havet. Alle fekk medalje på toppen, og Spar sponsa saft og banan til alle.

I dei ulike ungdomsklassene var det 3 deltakere. Bjørg Amelia Samland Eik vann sin klasse 11-12 år. Per Håkon Korsvold vann klassen 13-14 år. Og Tomas Hjortland vann klassen 15-16 år.

Tomas Hjortland i god driv opp bakken

I dameklassen var det to som stilte til start. Solveig Haugland gjekk først i mål. Og Karin Tungesvik tok ein fin andreplass.

I herreklassen var det fem som stilte til start. Johannes Heien kom først i mål. Andreplassen gjekk til Robert Stensletten, og Kjetil Sæle ein fin tredjeplass.

Spurt-oppgjer mellom Per Håkon og Johannes opp siste bakken der yngstemann viste seg å ha sprekast bein mot slutten.

Etter målgong var det premieutdeling på Stemneplassen. Friluftsrådet var også representert med sal av nysteikte lapper i kiosken.

Joar Myhre var av dei yngste deltakarane. Han var heldig og vann eit gåvekort på Sport1.
Tekst/nett: Marianne Korsvold
Foto: Per Korsvold / Kristian Bringedal