89-åring frå Fusa er blitt stamgjest på allsongen på Tiaren.
Blant dei mange som pleier å gå på allsongen på Kafè Tiaren, er det sikkert nokre som har lagt merke til ein ukjent, eldre kar som no har dukka opp fleire gonger i sommar. Han heiter Osvald Markhus, er 89 år og bur på Sævareid i Fusa. Han var første gongen der på førsommaren. Då hadde han med seg ei nabokone som opphaveleg er frå Lygrepodlen og har slekt i Rindo her i Uskedalen. No har Osvald vore på plass dei to siste gongene det har vore allsong på Kafè Tiaren.

På dei gongene Osvald Markhus har vore på allsong på Tiaren, har han opplevd 3 ulike grupper. Første gongen var det Fire Rustne Menn som leia allsongen, for ein månad sidan var det Kristian Bringedal og Uskedal Musikklag, og i går var det duoen Svein Rimestad og Kristian Bringedal som leia dei mange frammøtte gjennom ei triveleg allsongstund.
Han er blitt kjend med fleire av gjestene, og etter allsongen i går tok eg ein kort prat med han før han måtte kjøra for å nå ferja på Årsnes.
Eg innleia med å spørja om korleis det hadde seg at han var blitt stamgjest på allsongen her i bygda.
– Eg likar å farta mykje rundt og treffa folk. Eg er mykje rundt omkring. Ein kan ikkje setja seg inne når ein blir åleine, fortel Osvald og legg til at han kjører rundt 25.000 km i året. Han fortel og at dei farta mykje rundt med campingvogn medan kona levde.
– Ja, og så likar du song og musikk? Du har vel spelt og sunge mykje? spør eg.
– Sunge så mykje har eg vel ikkje gjort, men eg har spelt i danseorkester i svært mange år, fortel han, og etter kvart kjem det fram at han spelte trekkspel, og bandet bar namnet OSVALDS.
– Vi var 3 mann i starten, men etter kvar blei vi 5. Bass, rytmegitar, sologitar og trommer i tillegg til trekkspelet. Vi spela mykje rundt i Hardanger og Bergensområdet, men var berre ein gong i Kvinnherad. Det var på Husnes Hotel, og det var Larsen (Lars Ekeland) som ordna den spelejobben for oss, fortel han om bandet sitt som slutta av i 2013 då Osvald var 76 år.
Eg spør om vi ser han igjen på neste allsong på Tiaren. Han svarar eit klart ja, og legg til:
– Det kan henda eg kjem på laurdag og. Han har fått greie på at det skal vera allsong og mjelkekaker ved SPAR når historielaget sel bøker.
Etter samtalen kjører den aktive 89-åringen heimover mot Fusa. Han trivst med å møta folk, også i Uskedalen.
Tekst, foto og nett: Thor inge Døssland