Salgsstart med allsong og mjelkekaker.
Laurdag blir det førehandsalg av Bok 4 til redusert pris.
Førsteutkastet av bok 4 i serien “Den nære fortida” er no klart frå Salikat Design. Det blir ei innhaldsrik og flott bok med interessanne tekstar og svært mange kjekke bilde. No er det siste korrekturlesingar og mindre justeringar før den går til trykkeriet.
Laurdag blir starten på førhandsalget markert ved Spar Uskedalen med allsong og gratis mjelkekaker og kaffi kl. 11 og utover til kl.15. Då er det tid for prat om innhaldet i boka og annan drøs, i tillegg til at folk kan kjøpa både den komande boka og tidlegare utgjevingar frå Uskedal Historielag. På bok 2 og 3 i serien er det svært gode tilbod. Bok 1 er som kjent for lengst utseld. Det blir også mulig å levera inn eldre bilde til lån samt teikna seg som medlem. Dersom ein ikkje har høve til å koma til Spar, kan ein alt no kjøpa bøker og medlemsskap ved å bruka vipps (76 38 03) eller betala inn på konto (3207 37 52026) og skriva i meldinga kva innbetalinga gjeld.
PRISLISTE:
- “Den nære fortida”
Bok 1: Utseld
Bok 2, tilbod: 200,-
Bok 3, tilbod: 200,-
Bok 4, førehandskjøp: 250,-. Medlem/ 1 bok: 200,-. Ordinær pris: 300,- - “Med von om ei betre framtid”: 450,-
- Årskontigent, medlem: 200,-
- Kaffi, mjelkekaker, song og god drøs: gratis.
- Vipps (76 38 03) eller kontant.
Velkomne til ei triveleg laurdagsstund ved SPAR.
Tekst: Uskedal Historielag
Foto og nett: Thor Inge Døssland