Uskedal Historielag og Dugnadsgruppa inviterer til museumsdag på Bygdetunet Rød komande laurdag. Eit av innslaga er styltemeisterskap. Finn fram styltene dine. Om du ikkje finn dei, du kan låna av dei som står att frå alle dei åra det var styltegang på Rød.

Det er sett opp ein vandrepokal som premie. Ståle Eik har to napp. Sidan Ståle er arrangør, vil han ikkje vera med i år. Difor har nett DU sjansen til å ta ei napp i pokalen. Det er lagt opp til ein klasse. Den om lag 80 meter lange traseen går frå løa på tunet og ned mot kverna.

No har du sjansen til å ta eit napp i denne pokalen, sponsa i si tid av Uskedal Trelastlager.

Alle får innføring og med høve til å prøvegå.

Gratis.





Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/ Grenda/ Ståle Eik