Oppstart av trening i hallen
Frå mandag 24.august er vi klare for ein ny treningshaust – og håpar å sjå både gamle og nye deltakarar.
Slik vert programmet for hausten:
Måndag kl.19:00 – Sirkeltrening med Kristine Tveit.
Onsdag kl.19:00 – Puls/step med Julie Flodsand.
Torsdag kl.19:00 – Styrketrening med Janne Hjelmeland.
Når det gjeld dametrimmen, kjem Astrid tilbake med informasjon om eventuell oppstart litt seinare.
Finn fram treningsgleda – vi gler oss til ein ny haust med kjekke og varierte økter. Vel møtt!