Berg gull og sølv Eftf. etablerer seg i Uskedalen.
No kan vi få kjøpt alt av bunadssølv og bunadstilbehør i bygda.
Nokre har sikkert registrert at det er komme eit skilt med “Berg gull og sølv eftf.” på bygget ved sida av samvirkelagsbygget. Firmaet har tidlegare drive gullsmedbutikk i Odda og har røter tilbake til 1931. No tilpassar dei drifta, og er under etablering her i Uskedalen. Innehavar Anette Melkeråen fortel at på grunn av andre gjeremål står det enno igjen ein del før drifta er oppe og går for fullt. Det skjer utpå hausten, men vi kan alt no få all hjelp ved å gjera avtalar via mobil eller epost.

I tillegg til visningsrom og lager i Uskedalen driv Melkeraaen nettbutikk der ein kan få kjøpt alt dei har å by på av bunadstilbehør. Det er verd å nemna at Berg har lisensar som gjer at ein får kjøpt gull og sølv til Hardangerbunaden som berre er å få kjøpt hos Berg Gull og Sølv Eftf.
I tillegg har ho også samarbeidspartnar som syt for at ein får kjøpt bunadsstoff og alt anna som skal til for få laga ein bunad. Her får ein alt som trengst til bunaden. Då eg var innom lokala for ei veke sidan, var det svært mykje fint i hyllene, m.a. godt utval av bunadsstoff, alt av norsk kvalitet.
Det er ikkje faste opningstider, men dei som er interessert å sjå utvalet og evt. gjera ein handel, kan ta kontakt på mobil: 909 78 601 eller epost: post@b-gull.no og gjera avtale.
I tillegg kan ein altså handla på nettbutikken: b-gull-nb.no . Vi kan også følgja dei på facebook og instagram.
Uskedalssida kjem tilbake med meir i løpet av hausten.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland Foto: frå Facbooksida og Thor Inge Døssland