Han er ute på litt av ein tur Tomas Steine frå Holmestrand som no er på veg frå Hammerfest langs kysten til Holmestrand i fiskesjarken “Søringen”. Han “dukk, dukk, dukkar” av garde med ein fart på 6 knop. Denne veka hadde han ein stopp her i Uskedalen med besøk hos den tidlegare kollegaen sin, Thomas Eide. Her får han fine opplevingar i tillegg til alle dei andre han har fått på turen.

Tomas Steine ombord i sjarken.

Tomas Steine er ein sjøvand kar, men dette er faktisk første båten han eig.
– Jeg starta med konkurranse-havfiske da jeg var 14 år. Jeg har en bestefar fra Tromsø som var sjarkfisker så jeg har hatt mange turer med sjarken hans, og så jobber jeg offshore på havet, så jeg er sjøvandt, det er jeg, men det er min første båt, fortel Tomas som jobbar som ROV-pilot tilliks med Thomas Eide som han er på besøk hos.
Båten som no framstår som eit smykke der den ligg i båthamna, kjøpte han i Finnmark.
– Den var i veldig dårlig fatning da jeg kjøpte den, og jeg har lagt ned ekstremt mange arbeidstimer for å få den til å se ut sånn som den gjør i dag, greier han ut om den store jobben som er gjort.
Sidan han bur i Holmestrand og båten låg i Finnmark, må eg spørja korleis det har føregått.
– Da fløy jeg opp og ned i friperiodene mine for å skru og fikse og klargjøre den, og på et punkt måtte jeg overhale et koblingshus hjemme i Holmestrand, for det var dårlig clutsj, og da pakka jeg bilen med utstyr og verktøy, og så kjørte jeg 200 mil, bytta koblingshus, fiksa og kjørte hjem igjen. Så tok jeg fly opp og starta turen, fortel han vidare om arbeidet.
Han kjøpte sjarken vinteren 2022, og så begynte turen sørover sommaren 2024. Første sommaren kom han til Rørvik i Trøndelag, og året etter kom han til Ulsteinvik-området. Turen i år starta han med å gå tilbake til Åndalsnes, for det ville han ha med seg. Han var også innom Ålesund og Tresfjord der båten var bygd.
– Dette er en Skorgenes 28 med Sabb 22hk, og de ble bygd i Tresfjord, seier Tomas.
I år håpar Tomas å komma heim til Holmestrand viss han klarer å runda Lindesnes før haustveret kjem.

Tomas let seg begeistra av den vakre naturen som møtte han.

Natt til tirsdag klokka halv to kom han til båthamna i Uskedalen. Då var kompissen Thomas Eide og tok mot han. Han høyrde “dukk, dukk”, i nattemørket då han runda Korsneset, og den lyden var ikkje til å ta feil av. Eg lar sjarkturisten skildra møtet med Uskedalen sjølv:
– Her var det fantastisk flott. Nydelig innseiling. Her er det fantastisk med kirka i framgrunnen og fjellene i bakgrunnen.
Thomas Eide har lagt opp eit program slik at han skal bli betre kjend med den vakre bygda vår.
– Først av alt skal vi hiva oss på ATV en, kjøra opp Pålavegen og gå opptil Hauglandsfjellet, til toppen. Der får vi eit nydeleg skue over Ulvanåso, sjølve Uskedalen, Solfjell, Tverrfjell, Mannsvatnet, og i bakgrunnen Rosendalsfjella. Vi må jo alltid innom Brukt-Liso, og så må vi ha ein tur innom Baroniet før vi avsluttar dagen med hjortamiddag og mykje godt mimrepreik, fortel den gode verten som er grunneigar i denne velkjende hjortekommunen.

Som mange andre turistar likte Tomas besøket i Lises Bruktbutikk spesielt godt.
Frå toppen av Hauglandsfjellet nytte han naturen rundt seg.

Neste dag skal turen gå vidare. Til no har turen gått veldig fint. Mesteparten har han gått åleine, men på deler av turen har han hatt selskap av det han kallar “sjarkmatros”, fordelt på tre kompissar.
Før eg slepp taket i Tomas Steine, må eg spørja om det er nokre opplevingar tidlegare på turen som han vil karakterisera som toppen.
– Da må jeg dra fram da jeg kom inn til Lofoten og hadde hele Lofotveggen foran meg. Jeg hadde middnattsol, havbleike og “dukk, dukk, dukk”. Da måtte jeg faktisk stoppe opp, sette meg i baugen og så nøyt jeg det en time før jeg gikk videre. Da følte jeg at detta var verdt alt arbeidet jeg har gjort, og alt etter dette blir bonus, avslutta møtet med den særs hyggelege sjarkeigaren og ROV-piloten frå Holmestrand.

Han hadde mange fine inntrykk etter ein innhaldsrik dag i Uskedalen.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Thomas Eide og Thor Inge Døssland