Husnes Blueslag skapte topp stemning på Bøkkeren.
Husnes Blueslag med sitt fem manns band skapte topp stemning på Bøkkeren sist laurdag. Etter nokre år med redusert drift på Bøkkerverkstaden, er Hallvard Rød klar med nye konsertar og samlingar. Blues på Bøkkeren samla gjester frå mange bygder. Nokre var der for fyrste gong.

Bandet framførte repetoaret i tre sett med to pausar mellom. Husnes Blueslag framfører stemningsfull musikk, med låtval frå dei store artistane i bluesuniverset. Dei vender seg til eit breitt lag i folket med låtar mellom anna av Freddy King, Howling Wolf, Muddy Waters, Albert Collins, Peter Green, Eric Clapton, Duke Robbillard, Fabulous Thunderbirds, Vaughan Brothers og mange fleire.

Blues og jazz på Bøkkeren bør halda fram.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Privat