Med sol frå skyfri himmel, masse supportere frå Kvinnherad og motiverte fotball-jenter, vart det ein spennande avslutning på Norway Cup 2026. Og Rosendal turnlag kan vere stolte over prestasjonen i år.

Kampen til jenter 13/14 som vart blåst av etter 10 minutt grunna uvèr i går, fortsatte kl.09:15. Dei starta med leiinga 2-1 og kjempa som helter heile kampen. Dei var klart best, og vant med heile 7-2 i semifinalen. Dermed var enda eit Rosendalslag klar for finale.

Jenter 14/15 spela finale mot MTG først. Det var ein jamn kamp der Rosendal leia 3-2 heilt til siste sekund. Då klarte MTG å få inn eit mål og finalen måtte avgjerast med straffekonkurranse. Anna Hermann Fossli gjorde ein kjempejobb og redda heile 3 straffar. Men likevel var det MTG som fekk inn flest mål og tok gullet.

Anna Hermann Fosslig med sølvpokalen

Jenter 13/14 spela finale mot Dale. Dette vart også ein spennande kamp mot to jamne lag. Og igjen er det små marginer som gjer at dei tapte 1-2.

Erle Marie Korsvold er nøgd med sølv og håpar på gull neste år

Etter litt tårer grunna tapet, er det likevel to Rosendalslag som reiser heim særs nøgde, og det med god grunn. Dei kjempa seg til finale i B-sluttspelet, noko som er lenger enn dei hadde våga å drøyme om. Og dei speler så bra at dei like gjerne kunne fått gull. Så i dag kjennest sølv som ein siger.

Dei to laga trener og speler i lag til vanleg. Så på bilete ser vi alle jentene i lag. Frå Uskedalen er Emmie Musland, Anna Hermann Fossli, Erle Marie Korsvold, Ingrid Aurora Kårstad og Isa Maria Guddal med.

Tekst/nett: Marianne Korsvold
Foto: Monica Hermann / Marianne Korsvold