Norway Cup Dag 5
Det nærmar seg slutten av Norway Cup, men det er framleis ikkje over for to av laga frå Rosendal turnlag. Dag 5 har vært ein spennande dag i Oslo, med både tårer og gledesrop på banen og sidelinja.
Dagen starta med kvartfinale for jenter 15/16 mot Ørsta. Denne kampen enda 2-0 til Rosendal, som då var klare for semifinalen i ettermiddag. Dei har på nesten alle kampar hatt med seg ein heiagjeng som har fått namnet Rosendal Ultras. Dette er ein gjeng med gutar som skapar skikkelig god stemning på sidelinja. Og då jentene vann semifinalen mot Nesodden 1-0, var det både storming av banen og pyro frå Rosendal Ultras. Jentene er no klare for finale i morgon!

Jenter 13/14 spela kvartfinale mot Palestina Girls på morgonkvisten. Dette blei ein skikkeleg triller som endte med straffekonkurranse etter 3-3 ved kampslutt. Spenninga var til å ta og føla på. Her må keeperen Kristine Seglem Bjørge få ekstra merksemd då ho redda heile 3 straffer og sjølv scora på straffe. Til slutt endte det med siger og stillinga 7-6.
Jentene gjekk vidare til semifinale mot Dale i kveld. Mange møtte opp for å sjå kampen. Rosendal Ultras var til stades og skapa god stemning også her. Og etter vel 10 min leia Rosendal 2-1. Men så braka det laus med torevèr og regn. Alle fekk beskjed om å forlate sletta og søka ly. Kampen vart utsett og blir spelt i morgon då sola skal komma fram att.

Jenter 17 som spela 1/16 dels finale mot Strindheim, kjempa som heltar på banen. Men med stillinga 3-1 til Strindheim, er cupeventyret over for jentene for denne gong.
Med to lag vidare til semifinale og finale i morgon, blir det ein ny dag med nerver og spenning. Følg med på Facebook: Rosendal Fotball -liveoppdateringar.
Tekst/nett/foto: Marianne Korsvold