Etter ein varm og solfylt dag i Oslo, er no alle kampar i gruppespelet ferdig spelt. Det vart også i dag eit par sigrar og nokre tap. Den gode nyheten er at Jenter 17 har klart å gå vidare til A-sluttspelet.

Dag 3 på Norway cup er den varmaste så langt, og på fleire av kampane var det også høg temperatur blant spelarane. Med stort konkurranse-instinkt kan det til tider koke litt over. Men stort sett er det stor spele-glede og glade ungdommar på banen.

Her kjem ei kort oppdatering med resultat frå dagens kamper:

Jenter 13 tapte 4-1 mot Hasle-Løren IL til tross for suveren innsats der dei står på og jobbar heile kampen.

Jenter 15/16 tapte 4-0 mot Ranheim og seinere på dagen spelte dei mot Nesodden der dei tapte 1-0. Her spelte Rosendal veldig bra, og det er igjen marginer som gjer at dei ikkje får fleire mål i denne kampen.

Jenter 17 vann mot Orkanger og er klare for A-sluttspelet. Bare det å ta seg til A-sluttspelet er ein siger i seg sjølv. Så alt herfra er bonus. Vert spennande å sjå kor langt desse flinke jentene kan nå.

Jenter 13/14 vant 3-2 mot Vard Haugesund. Denne sigeren smaka ekstra godt etter to tap.

Stor glede når dommaren bles av kampen og jenter 13/14 gjekk av med sigeren

Gutter 16 tapte mot eit sterkt lag frå Vedavåg Karmøy. Dei tapte her 2-0.

Trio 15 tapte 3-0 mot Sauda IL.

Tekst/nett/foto: Marianne Korsvold