Norway Cup dag 1
Første kamp-dag er over, og til tross for at samtlege lag for Rosendal TL tapte kampane i dag, er motivasjonen stor for å snu dette vidare i turneringa.
Det har vært ein flott dag i Oslo med sol og fine forhold for fotball. Alle laga har vært i aksjon og kjempa godt. Nokre av kampane vart svært jamne, og det var marginer som gjorde at det til slutt endte med tap. Som i kampen med Jenter 13/14 mot Malvik som endte 2-1 til Malvik. Men jentene viste gode tendenser og prøver igjen i morgen. På dette laget er det Ingrid Aurora Kårstad og Erle Marie Korsvold frå Uskedalen.
Gutter 15 gjekk også på eit knepent tap mot Grei der stillinga vart 1-0. Kampen var jamn og gutane jobba godt. På dette laget finn vi Ola og Iver Hermann Fossli, Viljar Hella Berge-Soldal og Kristoffer Enes.
Det var også spennande i kampen der Jenter 13 kjempa mot Jerv. Her var det også to jamne lag som møttest og det meldes om fantastisk innsats. Kjedelig at også denne kampen endte med tap, 2-1 til Jerv. På dette laget har vi Anna Hermann Fossli, Nora Tungesvik og Mileah Myklebust.
Jenter 15/16 var meir uheldige i sin opningskamp der dei møtte eit sterkt lag med større og betre spelarar frå Hødd. Det vart i denne kampen eit solid tap med heile 10-1. Det eine målet til Rosendal kom rett før dommaren blæs av kampen, og jubelen frå publikum var stor. Får vona jentene får opp humøret og blir klare for ny kamp i morgon. På dette laget har vi Isa Marie Guddal frå Uskedalen.

Jenter 17 møtte Fet IL låg lenge under 3-0, men Martine Myklebust klarte å få inn eitt mål, og kampen ender til slutt 3-1. Vi har i tillegg til Martine, Emmie Musland, Ingvild Tvilde og Anna Simone Enes på dette laget.
No har alle spelarane fått ein velfortent pause, og vi får håpa dei søve godt på klasseromma så dei blir klare for nye kampar i morgon.
Tekst/nett/foto: Marianne Korsvold