Norway Cup 2026
Laurdag 25.juli gjekk startskotet for årets Norway Cup i Oslo. Frå Rosendal turnlag stiller fem lag i ulike grupper. Og i fleire av gruppene er det med ungdom frå Uskedalen. Dei har no flytta inn på klasserom med laga sine, og er klare for fleire dagar med fotball-moro.
Det vart ein våt og kald start på Norway Cup der regnet plaska ned under åpnings-showet på Ekebergsletta. Men for dei unge håpefulle la ikkje det nokon dempar på stemninga. Dei er veldig klare for ei veke med fotball, spenning, nye vennskap og mykje moro. Og i følge meldingane skal også sola koma fram allereie første kamp-dag i morgon.

Uskedalen.no vil sjølvsagt følgje med på laga der spelarar frå Uskedalen er representert. Så dei neste dagane framover må du logga deg inn og sjå korleis det går med dei gjennom turneringa.
Tekst/nett: Marianne Korsvold Foto: Per og Marianne Korsvold