Forrykande bustadsalg i Uskedalen.
Mange sel utan bruk av meklar i sjølve salget.
Siste månadene har det vore eit salg av bustader som ikkje har opplevt maken til på fleire tiår. Vi har vel kanskje aldri opplevt ein slik boom i Uskedalen? Både einebustader og leiligheter i tomannsbustader går unna som varmt kveitebrød. Som regel er det nok at det blir nemnt på sosiale medium, så dukkar interesserte kjøparar. Mange av bustadene blir selt utan å gå gjennom meklar i sjølve salget. Dei brukar ofte berre meklar eller advokat for å sikra at papirarbeidet blir korrekt gjort. Etter det som blir sagt, er prisane gode.

Siste par vekene har det blitt selt to leiligheter i Ospelunden, eit hus i Beinavikjo og eitt i Nedre Halsane like utanfor Kleivadalssvingen. I same rekkja blei det selt to einebustader tidlegare i sommar då den eine av dei tidlegare eigarane flytta inn i ny einebustad på Rød. Lengre oppe i Halsane har eit ungt par nyleg flytta inn i eigen einebustad.
I Korsnes-området er det i det siste selt to einebustader, der det er flytta inn i den eine. Ein einebustad i feltet bak vaskeriet er selt i sommar, og der har og nye eigarar nyleg flytta inn i begge leilighetene i ein nybygd tomannsbustad.
Både på Rabben og på Steinsletto er det flytta inn unge par i einebustader. Også oppover i dalen har det komme nye eigarar. På den gamle lærarbustaden på Haugland er eit ungt par i gang med eit flott restaureringsarbeid, og like ovanfor Hauglandskrysset er det komme nye folk i eit hus. Litt tidlegare er det flytta inn nye folk i einebustader både på Ljosnes og Rød.

Så langt som eg kjenner til, er alle bustadene selt til fastbuande. Dei aller fleste er unge par, noko som er særs positivt for utviklinga i bygda.
Eg har på ingen måte oversikt over alle salga som er gjort, noko er sikkert gløymt. Det som dette viser, er at Uskedalen er ei attraktiv bygd å flytta til. Det er ei bygd med særs gode oppvekstvilkår for born, og det blir tydelegvis lagt vekt på.
Det stoppar truleg ikkje med dette. Eg veit at par med born framleis er på leit etter hus å kjøpa i Uskedalen.
Med denne store aktiviteten, fann eg det naturleg å ta kontakt med Kvinnherad Bygg som no eig Ospelunden Byggefelt for å høyra om det er planar der ut over den tomannbustaden som no er under bygging. Det har som kjent vore ein stille periode der, før dei på forsommaren starta bygginga av denne. Svein Bjarte Veastad kunne sei at det var planar. Det var interesserte kjøparar, men han kunne foreløpig ikkje seia noko konkret.
-Men det vil skje noko, avslutta han.
Når eg først er inne på nybygg, så er dei no i gang med bygging av våningshus på ein gard på Eik som eit ungt par har kjøpt.
Som sagt, her har eg sikkert gløymt noko, men det viser tydeleg at set er ei meir positiv utvikling i Uskedalen enn vi har hatt på mange år.
Uskedalssida ønskjer alle tilflyttarar velkomne til bygda, og håpar at alle som no har sikra seg bustad her, vil finna seg godt til rette og trivast.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland