Kristian og musikklagsgjengen fører an i songen.

I dag er det igjen klart for allsong på den kjekke møteplassen Kafè Tiaren i Gamleskulen. Slik er det alltid den siste tirsdagen i månaden. Denne gongen er det Kristian Bringedal og musikklagsgjengen som leiar an i allsongen. Dei pleier å vera med på 3 allsongøkter kvart år, – vår, sommar og haust. Denne gongen stiller dei med eit sommarlett program slik det høver seg for årstida.

Songen vil runga til kjente og gode allsongar i Gamleskulen. Her får alle synga med på alt frå Johannes Kleppevik si “Vårvise i naustet” til “Sommarnatt i Froland”, ein av Lindesnes Trekkspelklubb sine toppslagerar. Andre kjente og kjære songar som er på programmet er “Jag tror på sommaren”, “Drømmen om Elin” og “La oss leve for hverandre” for å nemna nokre, – alle kjente slagerar frå nokre tiår tilbake. Samtlege av songane i programmet i dag er arrangert spesielt for bandet av Per Olav Paulsen med tanke på tonefølgje for allsong.

Som vanleg, kvar tirsdag, er det servering av gode rundstykke/smørbrød og kaker til den kjekke prisen, 20 kroner, i kafèen. Kaffikruset får ein for ein tiar med muligheter til påfyll for 5 kroner.
Som alltid får ein god drøs og sosialt samvær med på kjøpet så det blir nok ei kjekk sommarstund på Kafè Tiaren. Kafèn er open frå 11 til 14, og allsongøkta startar kl.12 og varer vel ein halvtime.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto